VARSLARANE

Innlegget er rappet fra KLASSEKAMPEN 13. november 2017

Du har sikkert møtt eit eksemplar av sorten. Ho som ikkje held kjeft når me andre ser ned i golvet. Han som tar opp saker som ikkje står på sakslista, og forlenger møtet når me andre vil gå heim.

Skrevet av Ingrid Fiskaa

Me kan gi henne rett i sak, men tenkja at det er feil tidspunkt, at det ikkje er vårt ansvar og at no vart det ei utriveleg stemning her. Kan ho ikkje berre la det ligga? Ofte er ho ikkje spesielt populær. Han har kanskje ikkje humor: – Kom igjen. Ikkje ver så alvorleg heile tida. Le litt!

Det er ikkje alle desse som fortener merkelappen «varslar». Det er også fleire av dei som tar feil i sak. Men eg er overtydd om at samfunnet treng desse litt kantete og utaktiske folka, og at me langt oftare bør lytta til dei.

I haust har eg hatt gleda av å lesa og oppleva «En folkefiende» saman med tretti elevar i vidaregåande skule. Me både las originalen av Ibsen og såg Rogaland Teater si moderniserte oppsetjing. Doktor Stockmann står fram i begge versjonar, om enn i ulik grad, som ein noko umoden og sjølvsentrert person. Han vekker ikkje berre sympati. Men då hovudspørsmålet kom på bordet – har han rett i å varsla om det sjukdomsframkallande vatnet? – var det nesten umogleg å halda med motstandarane hans.

Som avrunding på arbeidet diskuterte klassen eit anna eksempel på varsling. Skal ein «sladra» på ein god kollega som har fått jobb med falske vitnemål? Eit klart fleirtal stilte seg på varslarsida, og argumenterte med glød for å gjera det prinsipielt rette, heller enn å tenkja at «det sikkert går bra likevel», eller at «det ikkje er mitt ansvar å rydda opp».

Eg tok meg i å tenkja at om 10–15 år har dei sikkert ei anna haldning. Berre vent og sjå, alle blir rundare i kantane etter kvart. Eg var på nippet til å seia det til dei, dei tydelege og rett-tenkjande 18-åringane i rommet.

No er eg sjeleglad for at eg ikkje sa noko. For det var dei som hadde noko å læra meg, og ikkje motsett.

Me vaksne er for feige. Me har nok med vårt, og tør ikkje eller orkar ikkje å seia ifrå. Me rakkar til og med ned på dei som gjer det. Det er for behageleg å tilhøyra den kompakte majoriteten, som doktor Stockmann kallar det. Me gløymer at denne kompakte majoriteten ofte er resultatet av medviten manipulasjon og maktbruk frå toppen, og trur at det er «me i fleirtalet» som bestemmer.

Avsløringane dei siste dagane frå Paradis-papira bør vera ein kraftig vekkar om kor pill roten både verdsøkonomien og politikken er. Så mykje som ein tidel av verdas formue kan vera skjult for innsyn, saman med eigarforholda og den politiske makta som følgjer med pengane. Heldigvis finst det varslarar og journalistar som tør å utfordra og avsløra. Det er ikkje risikofritt.

Den føreslåtte omorganiseringa av Statistisk sentralbyrå kan vera eit anna eksempel. Eg ser for meg at dei forskarane som har stått fram og gitt degraderingane eit andlet, ikkje har blitt vidare populære overalt. Eg håper at motet deira fører fram, slik at byrået kan halda fram med det viktige samfunnsoppdraget sitt.

I kvardagen har me alle ein jobb å gjera. Om du ikkje sjølv er den som seier ifrå, så vis i alle fall omsorg for ho som gjer det. Eit styrka vern for varslarar i arbeidsmiljølova og i retningslinjer på den enkelte arbeidsplassen er viktig, men kostnadene kan vera like store på det mellommenneskelege planet.

Det er ikkje underleg om han har blitt litt sær med åra. Prøv å lytta til det ho seier, og ikkje legg avgjerande vekt på at ho er irriterande eller utaktisk. Me treng fleire modige folk blant oss, ikkje færre.

ingrid. fiskaa@gmail.com

«Samfunnet treng desse litt kantete og utaktiske folka»

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s